Førerkort klasse B

Skrevet av Egil

Vi underviser til førerkort kl B i Høyanger og Dale i Sunnfjord.

Informasjon frå vegvesenet si side om føreropplæring

Trinn 2 Grunnleggjande kjøretøy- og kjørekompetanse

På dette trinnet skal du lære å bruke bilen reint kjøreteknisk, og skaffe deg kunnskap bl.a. om bil, miljøvennleg kjøring og føraransvaret.

Opplæringa kan skje på ein trafikkskule, privat eller i ein kombinasjon. Mange greier ikkje oppkjøringa pga for dårleg opplæring på dette trinnet!

Individuell tilpassing
Kor mange kjøretimar du skal ta, må tilpassast behovet du har, og kor mye du øvingskjører privat. Det er viktig å nå målet for trinnet!

Obligatorisk rettleiingstime (veiledningstime)

  • Trinn      2 bli avslutta med ein rettleiingstime (veiledningstime)
  • Du      og  læraren skal saman vurdere      om du har gode      nok ferdigheiter til å begynne på trinn 3

Trinn 3 Trafikal del

På dette trinnet skal du lære å kjøre i variert trafikk, og bli tilnærma sjølvstendig. Du lærer bl.a. om trafikantgrupper og interessemotsetningar, å kjøre effektiv og behageleg, miljøvennleg og økonomisk, å redusere risikoen for møteulykker og å bli forbikjørt og å kjøre forbi.

Opplæringa kan skje på ein trafikkskule, privat eller i kombinasjon. Også det du skal lære på trinn 3, blir du prøvd i når du kjører opp

Individuell tilpassing
Kor mange kjøretimar du skal ta, må tilpassast behovet du har, og kor mykje du øvingskjører privat. Det er viktig å nå målet for trinnet!

Obligatorisk sikkerheitskurs på bane
Mot slutten av dette trinnet skal du gjennomføre sikkerheitskurs på bane.

  • Kurset      er på 4 timar
  • Kurset      skal medverke til at du greier å unngå      ulykker
  • Du      lærer bl.a. om å sikre personar og gods, og om korleis kjøremåten din bestemmer om du har, eller mistar, kontrollen over bilen

Obligatorisk rettleiingstime (veiledningstime)

  • Trinn      3 blir avslutta med ein rettleiingstime (veiledningstime)
  • Du      og  læraren skal saman vurdere      om du har gode      nok ferdigheiter til å begynne på trinn 4

Trinn 4 Avsluttande opplæring

På dette trinnet skal du bli så god at du kan kjøre på ein ansvarleg måte og i god samhandling med andre trafikantar. Du skal bl.a. kunne velje kjøremåtar med låg risiko, kunne motverke at det skjer ulykker og vere bevisst på korleis du kan forbetre deg som bilførar også etter at du har fått førarkort.

Individuell til passing og mengdetrening
Noko av opplæringa på dette trinnet er obligatorisk (sjå nedanfor). Dette er til vanleg ikkje nok til å nå hovudmålet. Det er viktig at du i tillegg øver tilstrekkeleg på trafikkskule eller privat. Så sant du kan få det til, bør du øvingskjøre fleire tusen kilometer før du går opp til prøve.

Obligatorisk sikkerheitskurs på veg
Dette kurset er på i alt 13 timar. Det har fire delar:

  • Del      1 Bilkjøringas risiko
  • Del      2 Kjøring i landevegsmiljø og forbikjøring
  • Del      3 Avsluttande kjøring i variert trafikkmiljø
  • Del      4 Refleksjon og oppsummering

For å ha godt utbytte, er det viktig at du er god nok frå før. Ideelt burde du vere god nok til å greie praktisk førarprøve før du tek dette kurset!

Gjennom kurset skal du vidareutvikle

  • forståing      for risikoen ved bilkjøring
  • evne      til å motverke bl.a. møte-, utforkjørings- og forbikjøringsulykker
  • evne      til å vurdere deg sjølv      som førar